Ungdomskveld 30.3

Velkommen til ungdomskveld kl. 19.30 på bedehuset!

Andakt og sang v/ Tom Eftevand

Matsalg, brus, sjokolade, popcorn

Aktiviteter, f.eks. PS/Nintendo, bordtennis

Håper me blir ein gjeng!

Ungdomskveld med årsmøte

Det bli ungdomskveld fredag 3.2 kl. 19.30

Den vil inneholde taco, aktiviteter, sosialt samvær, andakt og kort årsmøtedel.

Velkommen til peisestua på bedehuset i Kjosen!

Bowling!

Fredag 7. oktober har KKUF planlagt bowlingtur til Porsgrunn.

Det blir avreise frå bokhuset kl. 18.00.

Før bowlling på Down Town, kjøper me pizza og eter den i Misjonssalen, Porsgrunn.

På grunn av bestilling, må me vite ca. kor mange som blir med. Derfor: Påmelding til 92640784 innan torsdag.

Vandringstur på Lifjell

Frå fredag 2. til søndag 4. september.

Turen går frå Grunningsdalen på seljordssida, og endar på Jønnebu. Heile vegen vil me halde oss på merka sti. Omtrent midtvegs vil me passere eldgamle Hollane seter.

Overnatting skjer i lavvo, telt eller under åpen himmel. Mat må ein ordne med sjølv. Primus til koking/steiking kan ein få låne.

Turen er i regi av ungdomsforeninga, men om du er ungdomsskuleelev, forlengst vaksen eller midt imellom, er du velkommen til å bli med!

Pris: Spleise på transport. Avhenger av kor mange som blir med.

Avreise: Bokhuset kl. 16.30.

Tilbake i Kjosen: Ettermiddag søndag.

Påmelding: 92640784 (Jon Hilmar) eller 90174136 (Kai Vegar)

 

Heimekveld avlyst!

Heimekvelden 11/3 er dessverre avlyst pga. sjukdom.

AKEDAG!



Ungdomsforeningen reiser søndag 13/3 igjen på aketur.
Tur opp på Bleka i øvre Tørdal. Der tenner me bål og renner på akebrett eller ski. Me håper på sol!
Ta med pølse m/brød e.l. til å grille på bålet, drikke, akebrett/ski og kle deg godt!

Det er ein stor fordel om flest mogleg har med ski (langrenn eller slalom).
Då vil det gå kortare tid før alle er oppe på heia. Du kan likevel gjerne ta med akebrett også!

Møt opp ved bedehuset/Halvdans bokhus. Avreise 09.15 på søndag. Me fyller opp bilane og kjører via Stranna (sjølvsagt). Vil du gå på i Stranna, gje beskjed om det.

"Friluftsavdelingen" i KKUF vurderer overnattingstur frå laurdag 12/3 til søndag 13/3, altså den store akedagen. Planen er å sove i telt/lavo i nærheten av der me skal vere og ake. Avreise frå Kjosen vil bli sein ettermiddag laurdag. Meld frå til Jon Hilmar 92640784 om du er interessert

Ungdomskveld fredag 4. mars

Velkommen til "ordinær" ungdomskveld kl. 19.30.

Me får besøk av Jens Bergsland og det blir salg av pizza.

Variert utvalg av aktiviteter!

Ungdomskveld og årsmøte

Fredag 4. februar skjer det fleire ting på bedehuset i Kjosen:

Kl. 18.00: Møte

Kl. 19.30: Ungdomskveld og årsmøte i KKUF

Marta Irene Eriksrød blir med på begge samlingane. Velkommen!

 

 

Ungdomskveld!

På fredag (7.1) har me den fyrste samlinga etter nyttår. Då får me besøk av Dordi Anna Tollheim. Ho er barne- og ungdomsarbeider i NLM og bur på Kvitsund.

Ellers kan ein nemne at tidspunktet er 19.30, maten blir lasagne og det er som vanleg speling/sosialt samvær utover kvelden. 

Alle er varmt velkommen!

PS! Utdeling av spennande program for vinter/vår 2011

Juleavslutning

Siste ungdomskveld før jul går av stabelen 10.12 kl. 19.30.

- Andakt

- Graut

- Forskjellige spel

Velkommen!

NB! Forbudt å ta med mandel

Les mer i arkivet » Mars 2012 » Februar 2012 » Oktober 2011
hits